Prosjekt

Eg visste ikkje du kunne danse

Interaktiv danseframsyning med Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem i co-produksjon med Teatret Vårt.

Framsyninga hadde premiere på Myra kulturhus 3. oktober i 2015 og har spelt heile 16 framsyningar i Møre og Romsdal hausten 2015.

Litt om framsyninga: Ideen fekk folkedansar Anna Liv S. Gjendem og folkemusikar Britt Elise Skram hausten 2014. Etter å ha jobba med andre produksjonar som var tradisjonelle og trygge, hadde dei eit ønskje om å gjere noko nytt. Kva med ei framsyning der vi tek utgangspunkt i den lokale musikken og dansen, samstundes som vi utfordrar publikum til å komme nærmare – til å få oppleve noko anna enn dei elles får på ei tradisjonell danseframsyning?

”Eg visste ikkje du kunne danse” er produsert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend som vart tildelt Gjendem og Skram for å utvikle denne framsyninga som ble til i tett samarbeid med Teatret Vårt. 


Hildur Dansekompani formidler lokale eldre danse- og musikktradisjonane fra Møre og Romsdal i ulik innpakning. Hildur Dansekompani har i dag tre produksjonar:

Les meir om Hildur Dansekompani her - www.hildurdans.no

Foto: Iver Gjendem

Foto: Iver Gjendem

Danseverkstaden - Spring!  Saman med felespeler Laura Ellestad gjer kompaniet Danseverkstaden Spring! som turnerar gjennom Kultursekken i Møre og Romsdal. Publikum får her oppleve ei interaktiv forestilling basert på springarformar frå heile fylket, og smake på både halling og ein lokal springarform. Danseverkstaden – Spring! gir ei reise gjennom tradisjonsdansen kor ein etter fullført reise sit igjen med en dans i eigen kropp.

Medverkande:
Mathilde Øverland - dans
Anna Gjendem - dans
Laura Ellestad - fele og hardingfele

 

Foto: Hanna Fauske

Foto: Hanna Fauske

REK  tek deg inn gjennom glugga til Hildur Dansekompani sitt arbeidslaboratorium i 2015. Glimt: springar, snert, klump, Møre og Romsdal, melankoli, rufs, åtte føter, 76 knappar, glis, song, fire rygger, toradar, sårbarheit, tramping, fele, transformasjon, FÆST.

ire fråtsarar frå tre fylkeskommunar sleikar støvet av favorittsnop plukka opp frå sidelommene til verdas rikeste nasjon, og puttar det i forgylte skåler.

Medvirkende:
Anna Gjendem - dans
Mathilde Øverland - dans
Hilde Fjerdingøy - torader
Jo Einar Jansen - fele

 

Foto: Hanna Fauske

Foto: Hanna Fauske

Å du store mi tid

- i fra gamle tider, vi den samme rytmen har, 
mor og far til bestefar, de danset også polka.

Jo Einar, Anna, Hilde og Mathilde gir deg kjende og kjære dansar til svingande fele- og toradermelodiar. Polka, tango og vals i skjønn foreining. Kanskje byr dei også opp til ein dans?

Dansekonserten passer fint i den kulturelle spaserstokken.

        Medvirkende:
        Anna Gjendem - dans
        Mathilde Øverland - dans
        Hilde Fjerdingøy - torader
        Jo Einar Jansen - fele